Dei fyrste dagane vil gå til å gjere seg kjent med både stab og arbeidsoppgåver som sokneprest. Han har ein møteplan der både omvisninger, møter med folk og institusjonar ligg føre ham.
POST UNDER "OPPLEV HAREID"
Ein vil bli betre kjent med Lars i ein programpost under «Opplev Hareid» 19. juni på Hareid bedehus, i regi av Hareid kyrkjeakademi. Sett av dato, dette bør du få med deg.
Førre helg hadde vi avskilsgudsteneste og fest for Leidulv Ø. Grimstad som no har gått av med pensjon. Vi takkar Leidulv for hans gode tenestetid i Hareid og lukke til som pensjonist.
FLYTTAR FRÅ SKJÆRHALDEN TIL HAREID
Lars har budd i Skjærhalden i Hvaler kommune i Østfold, der han sist jobba som kyrkjeverje/dagleg leiar i Hvaler kyrkjelege fellesråd. Han har og lang fartstid som prest, då han var ferdig utdanna teolog i 1995 og har vore prest på Hitra, i Øvre Eiker og i Onsøy i Fredrikstad. Lars gifta seg i vår med Ulrike Hartig-Tangedal og dei har no kjøpt seg hus på Hareid og flytter hit i løpet av juni.
TILSETTINGA
Møre bispedømeråd vedtok 8. februar å tilby stillinga til Lars Hartig-Tangedal. Møre bispedømeråd hadde 3 kandidatar å velje mellom til denne stillinga, noko som er sjeldan sidan prestemangelen for tida er stor rundt i landet.