Vi ynskjer Heidi-Beate velkomen!

Det er med glede vi kan ynskje velkomen til Heidi-Beate Siring Grimstad (39) som har takka ja til stilling som kyrkjelydspedagog hos oss. Stillinga er i samarbeid med Hareid KFUK/M og ungdomsarbeid med Hareid Ten Sing.

Vår nye kollega og kyrkjelydspedagog Heidi-Beate Siring Grimstad tek til i stilling som kyrkjelydspedagog den 6. januar 2025. Vi ønskjer ho varmt velkomen! Foto: Hareid sokn

Heidi-Beate skal vere med å styrke kyrkja sitt arbeid blant barn og unge, og startar i første omgang i 30 % stilling, der delar av stillinga blir linka opp mot Hareid TenSing. Stillinga som kyrkjelydspedagog  blir i kombinasjon med deltidsstilling som lærar på Hareid skule.

Stillinga som kyrkjelydspedagog vert i nært samarbeid med noverande kyrkjelydspedagog, som er leiande pedagog. Trusopplæringa i Hareid er godt utbygd, og kyrkjelyden fekk i si tid trusopplæringsprisen for arbeidet.

Heidi-Beate er opprinneleg frå Arendal, men har budd på Hareid i 6 år. Ho er gift og har tre barn. Av yrke er ho adjunkt og lærar. Ho har tidlegare vore frivillig vaksenleiar i ungdomsarbeid og tweensarbeid i kyrkjelyd og KRIK, og brenn for at ungdom skal kjenne tilhøyrsle og ha eit trygt fellesskap der gode verdiar er gjeldande. Elles likar ho å vere kreativ og er aktiv i handballmiljøet på Hareid og er trenar for jenter 11 år.

Oppstart i stillinga er 6. januar. Vi er glade for ein ny medarbeidar i flokken og ynskjer Heidi-Beate hjarteleg velkomen! Ta ho vel i mot.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"