Stilarten vert kalla "nygotisk". Med alle sine romanske bogar kunn ein kanskje også seie at Hareid kyrkje er bygd i "nyromansk" stil. Ho vart vigsla 13. desember 1877 av sokneprest Christian Wisløff.
Kyrkja hadde vore heimsøkt av lyn-nedslag 3. januar 1902, men skadene vart utbetra. Seinare er det verdt å nemne den omfattande storvølinga 1952, då kyrkja vart måla utvendig og mykje treverk vart skifta ut. Elles vart det utført mykje arbeid til 100-årsjubileet i 1977 og i perioden 2019-2022 fekk kyrkja eit stort løft med miljøvennlege oppgraderingar, som nytt golv og varmesystem m.m. (les meir nedanfor). Som for alle verneverdige kyrkjer, måtte alt godkjennast av riksantikvar og biskop. Kyrkja har sitjeplass til omlag 380 menneske.
Det eldste vi kjenner til var ei stavkyrkje, som brann ned etter lyn-nedslag 25. februar 1806. Kanskje vart denne kyrkja bygd på 1200-talet - og kanskje har her vore kristne gudshus på Hareid før det også. Stavkyrkja på Hareid vart avløyst av ei "åttekant-kyrkje" i 1807, teikna av sokneprest i Hareid og Ulstein, Peder Thomas Buschmann. 99 personar, av desse 2 kvinner, eigde kyrkja. "Åttekant-kyrkja" vart ståande i 70 år. Med tida tok ho til å sige av lage og med 33 mot 7 røyster vart det vedteke å rive og bygge nytt, og no skulle heile soknet eige kyrkja.
Stor omfattande renovering 2019-2022
I perioden 2019-2022 var det på nytt gjort eit større renoveringsprosjekt. Kyrkjegolvet frå 1977 vart fjerna og nytt furugolv i same dimensjon som det opphavelege vart lagt oppå det gamle, nye golv i sakristia og våpenhus, nytt miljøvennleg oppvarmingssystem (ut med røromnane) inklusiv nytt luftfuktingsanlegg samkøyrt med varmestyringa, ny kjøkenkrok i dåpssakristiet, 30 nye stolar framme i kyrkjerommet gir fleksibilietet, ombygd våpenhus med universelt toalett og vaskerom/lager, fiber/Wi-fi/internett, nytt teknisk anlegg lyd/bilde og videokamera for videooverføring til bebuarane på institusjon og på nett, solskjerming i kyrkjerommet, oppgradering av brannalarmanlegg, oppgradering av eksisterande sprinkleranlegg også tilført i våpenhus, isolering av områda for vatninntak, utskifting av brista glas, delvis renovering av alle ytterdører, maling front kyrkjetårn, reparasjon råte/lekksaje tak over inngangsparti, delvis utskifting av utvendig bunnreim og litt bordkle ved dåpssakristiet, 4 nye led-lyskastarar utandørs lyser opp kyrkja og to kulturhistorisk informasjonsskilt er plassert ved kyrkja.
Renovering 2024:
Overflatebehandling kyrkjegolvet:
Etter omlag 5 år, var det på tide å overflatebehandle kyrkjegolvet igjen med OSMO-naturprodukter. Dette vart gjort våren 2024. Golvet vart først rensa, så var det påført eit fyldig strøk herda hardvoksolje fra Osmo, før polering.
Renovering kyrkjeorgelet:
Sommaren 2024 blei kyrkjeorgelet renovert, etter at det i fleire år har stått for fall.
Følgende arbeid har blitt utført av orgelmeister Matthias Becker:
1) Samtlige piper blei demontert, grundig rensa og undersøkt for skader. Utover vanlege stemmeskader var det ei rekkje piper der foten sunket inn i stokkene og lufttilførsel redusert. Dette er reparert og pipene har blitt tilpassa rasteret på nytt. Omtrent samtlege gedacktpiper hadde lause stemmehatter som er blitt tilpassa på nytt for ein meir stabil stemming. 23 piper var meget skada grunna
dårleg tilpassa raster og andre påvirkningar - desse måtte transporterast til orgelmeister sin verkstad
for omfattande reparasjonar. Opphenget på ein del piper har blitt forbetra for å unngå tilsvarande skader i framtida. Dei skada fasadepipane i RP er reparert og fasadepipane i HV måtte delvis polerast grunna fingermerker og vass-skader.
2) Intonasjonen har blitt egalisert spesielt på dei pipene som var skada, men også for heile pipeverket elles. Spesielt rørstemmane i BV har blitt tilpassa på nytt.
3) Mekanikken er kontrollert og ein del mindre feil har blitt retta opp. Ein av pedalvinklane i plast var delvis skada og har blitt reparert og flytta til ei mindre utsatt plassering (f`). Slike vinklar er utsett for materialtrøttheit og ein må rekne med at samtlege vinkler må byttast om 10 til 20 år. Det samme gjeld for belgene i vindladene som er trukket med kunstig skinn. Også her må det forventast ein større reparasjon i det nemnde tidsrom. Pakningar i avlastingsventilane som har gått i oppløysning, har blitt erstatta med nye korkskiver for mindre lekkasjer og pulpetene har blitt tetta igjen der dette var nødvendig.
4) Hovedstemming av hele instrumentet til slutt.
Vedlikehald utvedige glas kyrkja:
Då kyrkja er i bevegele når storm og vind tek tak, medfører dette til at glasruter kan briste og må skiftast.
Hausten 2024 blei 29 glasruter bytta, og 8 farga glasruter blei limt. Fleire vindu er reparert då kitt var løsna. Ein krevjande, men veldig viktig jobb for å bevare vindua og kyrkja.