Kvalifikasjonar:
Det er ønskeleg med høgskuleutdanning innan kyrkjemusikk.
Andre med anna relevant utdanning/bakgrunn er velkome som søkjarar
Du må ha ferdigheitar i klaver- og orgelspel.
Du må kunne leie allsong og vere open for ulike gudstenesteformer.
Vi legg stor vekt på gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr:
Fastsett arbeidsplan som inkluderer helge- og kveldsarbeid
Ein triveleg arbeidsplass med støttande kollegaer.
Utfordrande og meiningsfylte oppgåver
Løn etter avtale og medlemskap i KLP
Anna:
Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Den som får tilbod om stillinga, kan bli kravd for barneomsorgsattest (politiattest), jfr. Trussamfunnslova §20.
Kantor har det faglege ansvaret for det kyrkjemusikalske arbeidet og vil vere din faglege leiar.
Mogelege kombinertstillingar – arbeid med barn og unge / organist inntil 100%
Dersom du er allsidig og ønskjer å kombinere nokon av stillingane som er lyst ut er vi open for det. Ta kontakt med kyrkjeverje Birgitte Sævik Pedersen, tlf. 418 60 781, eller på e-post: birgitte.saevik.pedersen@heroy-kyrkje.no eller stikk innom kontoret dersom du er i nærleiken for ein prat.
Søknader med CV skal sendast til kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no eller til
Herøy kyrkjelege fellesråd
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg