Kanskje handler det om å faste frå mat eller frå skjermtid? Det er utfordringa til oss alle, slik at fastetida kan bli ei annleis tid. Fastetida varer i 40 dagar frå Askeonsdag til påskeafta,, unntatt søndagane som alltid er ein fest gjennom heile kyrkjeåret.
Dersom vi gjer fastetida til ei annleis tid, så vert festen på påskedag mykje større!
Fastetida representerer mellom anna dei 40 dagane Jesus var i øydemarka for å førebu seg på hans store oppgåve: sonofferet dvs han skulle døy og stå opp igjen, slik det var profetert i skriftene, på vegne av menneskeslekta. Kanskje treng vi 40 dagar i år også, for å igjen fatte kor stort Jesu offer var?
Og når Valentinsdag fell saman med Askeonsdag, så må vi også minne om at det er kjærleiken som ligg under alt dette.
Guds kjærleik som er raus og mektig, ei kjelde som vi alltid kan vende tilbake til.
"For så elska Gud verda, at han gav Son sin, for at kvar den som trur på han , ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv"- Joh 3, 16.
God fastetid!
Askeonsdag i Indre Herøy kyrkje
Askeonsdag og Valentinsdag 14.febr 2024! Fastetida er i gang, ei tid for å rydde plass for faste dvs "å avstå frå noko" for å rydde tid til kanskje meir refleksjon, åndeleg fordjuping i høve Gud og våre medmenneske.