Og fest vart det i kyrkja også med song med 4-åringane "Vår Gud er så stor" og sambarytmer på veg ut av kyrkjerommet og ned i kyrkjekjellaren med bollar og leik!"Jesus er kongen min" var tema for gudstenesta og alle som trur på han er prinsar og prinsesser i Guds rike. Takk til alle som medverka ved gudstenesta, på ein eller annan måte , om det var bollebaking, skrive namn i bøker eller vere kyrkjevert! Les meir ved å trykke på bileta.
Fastelavn og karneval i Herøy kyrkje
Vi helsar alle ei ny, god veke med nokre bilete frå familiegudstenesta i går i Herøy kyrkje med karnevalspreg. 2 born vart døypte og mange av dei som vert 4 år i år fekk si eiga kyrkjebok "Fest på slottet"!