Aktivitetsdag/leirdag og familiekonsert på Alværa

Laurdag 1. okt.

Aktivitetsdag/leirdag og familiekonsert på Alværa

Naboen min er ein duo som lagar musikk for barn. Laurdag 1. oktober speler dei for små og store i Lavik, og håper at folk vil vere med å synge, danse, smile og le. Det blir rare dyr, dansande kroppsdelar og gode moglegheiter for å lære seg nokre gloser på romvesensk!

Duoen består av forfattar, illustratør og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og musikar Bjørnar Sangolt. Dei har gjeve ut platene Rockesock og Alt blir feil.
(Songane finn de på nettet)

I samband med konserten inviterer Lavik sokneråd alle born frå 2-3 år og dei heilt opp til  90 som av og til kjenner seg som born til ein aktivitetsdag/leirdag på Alværa.  

Vi startar kl.12.00  med ei  samlingsstund og deretter vert det leik og ulike aktivitetar – både ute og inne.  Det vert også matpause, pølser og brød, og sjølvsagt kaffi/te til dei vaksne.
Dagen vert avslutta med ein familiekonsert med Naboen min kl.15.00. Håper at mange kjem på konserten. Foreldre/besteforeldre er velkomne til å vere med heile dagen.


Dersom de ikkje har høve til å vere med heile dagen, er det velkomne til familiekonserten.
Born frå  heile kommunen og Hyllestad er spesielt velkomne.


For at det skal vere lettare å planlegge, er det flott viss de melder dykk på  til aktivitetsdagen til Torunn Styve 95 04 07 18  eller Toril Lange  91 68 94 59 helst i løpet av torsdag 29. sept (men gjerne før). Treng ikkje påmelding til konserten.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Åpningstider resepsjon:
Tirsdag- Torsdag
kl. 09.00-14.00 

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Mob: 404 58 649

Telefontider:
Tirsdag-torsdag
kl. 09.00-14.00

Ansvarlig redaktør:
Stig Jonny Fitje

Digital redaktør:

M Ali Kharrat

Profilbildar:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"