Dåpen - ei gåve
Dåpsliturgien beskriv dåpen som ei gåve og som inngang til fellesskapet i forsamlinga og i den verdensvide kyrkje.
Les mer
Barn, unge og vaksne er alle like velkomne til dåp. Du treng ikkje å prestera noko eller opptre på ein viss måte. Dåpen er ei gåve som det berre er å ta imot.
Me prøver så langt me kan å leggja til rette for dåp i alle ordinære gudstenester. Oversikt over kva gudstenester det er dåp i, finn du når du klikkar på dåpspåmelding under her.
Me gjer merksam på at alle som er påmeldt til dåp i Kvam og som bur i Kvam vil bli innkalla til dåpssamtale ei tid før sjølve dåpshandlinga i aktuell kyrkje. For dei som ikkje bur i Kvam, men som ynskjer å døypa borna sine her, må familien ta kontakt med si lokale kyrkje der dei bur, for å gjennomføra dåpssamtale der.
Pga. den nye personvernlova får ikkje kyrkja tilgang til fødselsmeldingar lengre. Foreldre må difor sjølve melda seg på dåp ved å klikka på linken under her:
Velkomen til å ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 474 83 120 eller på e-post: it645@kyrkja.no dersom du lurer på noko vedrørande dåp.
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert
Settings for this website / Location -> "Allow"