Dagens bibelord

Jesaja 61,1–4

Dagens bibelord 09.04.2025

Jesaja 61,1–4

1  Herren Guds ande er over meg,
for Herren har salva meg.
Han har sendt meg
for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause,
for å forbinda dei som har eit knust hjarte,
ropa ut fridom for dei som er i fangenskap,
og frigjering for dei som er bundne,
2  for å ropa ut eit nådens år frå Herren
og ein hemnens dag frå vår Gud,
for å trøysta alle som sørgjer,
3  og gje dei sørgjande i Sion
turban i staden for oske,
gledeolje i staden for sorg,
lovsongsdrakt i staden for motlaus ånd.
Dei skal kallast Rettferds eiketre
som Herren har planta
for å syna sin herlegdom.
4  Dei skal byggja opp att gamle ruinar
og gjenreisa det som før låg audt,
dei skal byggja opp att ruinbyane
som låg aude frå slekt til slekt.

Kilde: www.bibel.no