Gravplassforvaltning - eit offentleg ansvar

Gravferdslova §1 understrekar at gravlegging skal skje med respekt for den avdøde sin religion eller livssyn. Dette tyder at alle har krav på likeverdig handsaming, uavhengig av kva for trus- eller livssynsamfunn ein høyrer til. Lærdal sokneråd er offentleg gravferdsmyndigheit og tilbyr eit likeverdig tilbod av tenester til ALLE innbyggarar: kistegravlegging, urnenedsetting, feste av graver og enkelte tenester knytt til vedlikehald av gravminne.