Frå babyen er i magen til mamma er den med i rytmar og lydar gjennom dagen. Ute i verda blir lydane og rytmane litt annleis. Likevel kan babyen kjenne att mamma og pappa si stemme. Det er det som er trygt og sikkert. Musikk er såleis den fyrste kommunikasjonsmåten me kjenner til. På babysong skal me synge songar, bruke sansane, leike med reglar og høyre nye lydar og instrument. Me syng med dei stemmane me er utrusta med. For ditt barn er det nemleg berre den stemma som gjeld.
Velkomne til babysong i 2025!
Babysong er for alle babyar og foresatte i Lærdal. Sjå Facebookgruppa "Babysong Lærdal 2025" for påmelding eller kontakt Karoline direkte (mobil: 97790771) om du lurar på noko. Fyrste samling denne våren vert torsdag 27. februar klokka 11.00, og held fram annankvar torsdag etter det. (13. mars, 27. mars, 10. april og 24. april). Vi ynskjer å få til ei samling på aktivitetsstova på LBO i løpet av våren. Babysong startar med ein halvtime samling (song, reglar og leik). Etter samlinga vert det lunsj som kyrkja spanderer. Karoline legg ut påmelding i Facebook-gruppa tysdagar, to dagar før kvar babysongsamling.
