Lesjaverk kyrkje

Lesjaverk kyrkje er ei langkyrkje med 120 sitjaplassar, bygd i lafta tømmer. Tømmeret var det bygdefolket sjølve som heldt, og finansieringa elles vart for ein stor del ordna ved pengeinnsamling i lokale lag og foreiningar gjennom fleire tiår, i tillegg til fleire større beløp, gjeve som private gåver.

Lesjaverk kyrkje (Foto: Bernt Martin Tordhol)

Den gamle verkskyrkja på Lesjaverk vart teke ned og flytta til Lesjaskog i 1855. Sjå meir om dette under Lesjaskog kyrkje. Kyrkjegarden gjekk ut av bruk, og etter ei fredingstid på 20 år, vart også gjerdet teke ned og seld på auksjon. 

I 1930-åra kom det så i gang samlingar og friluftsgudstenester på 17. mai på den gamle kyrkjestaden, og arbeidet med å få reist ei ny kyrkje på staden tok til. Sommaren 1940 vart det sett opp nytt gjerde, og kyrkjegarden vart på nytt vigsla og teke i bruk i 1941.

Etter eit par urealistiske utkast til nytt kyrkjebygg, vart det til slutt arkitektfirmaet Nissen og Brynning som fekk oppdraget. Sjølve byggearbeidet starta opp i 1962, med Åsmund Nyrnes frå Lom som byggmeister. I 1964 vart så den nye kyrkja vigsla og teke i bruk.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"