Sjong kapell

Sjong kapell ligg fint til i setergrenda Sjong på Dalsida. Det blir halde gudsteneste her ein til to gonger kvar sommar, og ellers er kapellet meir og meir brukt til både bryllup og barnedåp.

Sommaren 2021 vart det halde utandørsgudsteneste ved kapellet på Sjong. Avstandskrav og andre koronareglar gjorde det vanskeleg å halde gudstenesta innandørs. Men kva gjorde det, når været var så strålande?

Sommaren 2021 vart det halde Drop-in-bryllup i kapellet, og heile 12 par gifta seg!

Ta kontakt med kyrkjekontoret, om de ynskjer vigsel eller dåp i kapellet på Sjong.

Litt historikk:

På 50-talet starta ein tradisjon med å halde gudsteneste på Sili-setra på Sjong. Det var oftast Lesja sang- og musikklag og presten som stod for gudstenesta. Etter kvart lærde budeia på Sili-setra, Ingeborg Einbu, seg å spela orgel, og kvar sommar var orgelet med på flyttelasse innpå setra.

Sokneprest Otto Østerås kom med ideen om å få til eit eiga hus for "Sjongsmessa", og ein samla seg etter kvart om å lage kapell av løa på prestgardssetra. 

Løa vart vederlagsfritt overdrege frå Opplysningsvesnets fond til Stiftelsen Sjong seterkapell, i 1975. 

Johan Traasdahl teikna framlegg til innreiing, og mange stilte opp på dugnadsarbeid. Kommunene, fjellstyret og mange private gav pengegåver til kapellet. 

Uthuset ved kapellet er frå Bø gamle skule. Orgelet stod opprinneleg i Lesjaverk kyrkje. Klokkestopulen som står ved kapellet, er ei furu frå Kyrkjeholen.

Kapellet vart opna den 25. mars 1981, i samband med ein bispevisitas. Biskop Hille, prestane og medlemmar frå soknerådet hang på ski etter Røde Kors-scooteren, køyrt av Kristoffer Hole.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"