Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje få nye venner! Saman skal vi utforske ulike tema og spørsmål. I konfirmanttida er det tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. Det er ei tid for å lære meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske.
Kva er konfirmasjon?
Ordet konfirmasjon kan tyde både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Konfirmasjonshandlinga er ei forbønnshandling der vi ber Gud om å velsigne og styrkje kvar einskild konfirmant. Det viktigaste med konfirmanttida er å bli betre kjend med den kristne trua, og lære om korleis ein lever som kristen.
Undervisning
Vi har undervisningsgrupper rett etter skuletid, både på Frekhaug og på Rossland. Kvar undervisningsgruppe har 10 samlingar i løpet av konfirmantåret. Konfirmantane deltek òg på gudstenester og i heimegrupper. I tillegg er konfirmantane med på leir eller i gudstenestelag.
Konfirmasjonsdagar 2020
I 2020 vert det konfirmasjonsgudstenester laurdag 12.9, søndag 13.9 og laurdag 19.9.