Endeleg i gang med utbetring av kyrkjegarden i Skrautvål

Etter vel ti år med førebuing og utgreiing, er forprosjektet klart, kommunen har innvilga tilskott og Fagernes anlegg er vald til å utføre arbeidet. Men soknerådet og bygda tek også ansvar for ein del av prosjektet, slik at Kyrkjeleg fellesråd får mest mogleg ut av pengane.                                                                                                                                                                                                                                         Tekst: Aud-Karin Hovi      Foto: Håvard Meisdalshagen

Velfortjent matpause! F.v. Knut Ove Hennum, Hans Asheim, Rolf Rogstad, Tor Brattvold, Trond Vatn, Øyvind Langseth, Ola Kjørli, Ove Gussiås, Halvor Skaar, Ola Lyseng. (Foto: Håvard Meisdalshagen)

 

Førebuing

Nydelen av Skrautvål kyrkjegard vart laga til på 90-talet. Der vart det betre plass for gravlegging, ein urnelund og pårørande fekk ein fin stad å minnast sine kjære. Ettersom tida gjekk, vart det klart at grunnforholda her måtte utbetrast. Det var for mykje blåleire og for mykje vatn som gjorde det vanskeleg å sørge for verdige forhold både for dei som skulle jobbe her og for dei etterlatne.

I 2011 gjekk ein i gang med å utgreie behova, men det var ikkje rom for å prioritere det i kommunen sine budsjett før no. Dei siste par åra har kommunen, fellesrådet og soknerådet arbeidd grundig med forprosjekt og tilrettelegging. Dei nærmaste naboane har vore viljuge, og Statsforvaltaren legg siste hand på den endelege godkjenningssøknaden i desse dagar. Og i 2021 vart det klart at kommunen kunne innvilge tilskott, men på grunn av corona-pandemien kunne ikkje arbeidet starte før i 2022 .

Betre enn venta

Sidan det har gått såpass lang tid, har fleire sett at muren ut mot vegen er vorten svært laus enkelte stader. God dialog med kommunen og stor vilje frå bygdafolket til å bidra, gjer at vi no får reparert muren, satt opp nytt gjerde og nye benker. I tillegg får vi dekka kostnader til å måle kyrkja mot at soknerådet sørger for å få utført arbeidet på dugnad.

I nord-enden av kyrkjegarden står fleire skiferstøtter. Fleire av desse blir no verna og flytta til ein meir verdig plass nærmare Kyrkjestogo.

Eineståande oppstart

Den 19. mai stilte bygda opp med fyrste dugnadsgjeng. Godt humør, stor entusiasme og eineståande arbeidsinnsats prega heile dagen sjølv om det var hardt arbeid. Dei fjerna buskene som var merka for fjerning, dei reiv og rydda alt gjerde, og alt vart kasta i container slik at det blir handsama miljøforsvarleg. - Det er eineståande at bygda stiller opp på denne måten. Kyrkja og kyrkjegarden betyr veldig mykje for veldig mange av oss her i Skrautvål, seier ein nøgd soknerådsleiar Håvard Meisdalshagen. – Sjølv om det er fellesrådet som eig dette prosjektet slik formelt, kjenner vi eit sterkt eigarskap vi som bur her og har våre kjære her, avsluttar han. Han er også nestleiar i fellesrådet og kjenner på eit stort ansvar.

Bygdamøte

Så snart Statsforvaltaren har give si endelege godkjenning, kan arbeidet på sjølve nyfeltet starte. Men før Fagernes anlegg kan gå i gang, inviterer fellesrådet til eit bygdamøte der soknerådet og Kjell Mære som er prosjektleiar også deltek. Følg med på annonse i avisa og Facebook-sida for Skrautvål kyrkje.

220519 Bilde av oppstart fjerne busker langs muren.jpg

Fjerning av busker langs vegen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nord-Aurdal kirkelige fellesråd

Nord-Aurdal kirkelige fellesråd holder til i 2.etasje i DNB-bygget. Adgang fra bakgården.

Kontoradresse:  Jernbanevegen 5,  2900 Fagernes

Postadresse: Jernbanevegen 5, 2900 Fagernes

E-post: post.nord-aurdal@kirken.no 

Telefon: 61 36 00 60 

Telefon- og besøkstid:

Man-Fre kl. 9-12

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"