Stem i kyrkjevalet!

I år er det kyrkjeval, der du kan stemme på det som er viktig for deg gjennom å stemme på folkevalde til kyrkja. Her får du nyttig informasjon om valet.

Stem i kyrkjevalet!

(Foto: Try / Den Norske Kyrkja)

 

Kva er viktig for deg?

Eit trygt fellesskap med rom for samtalar og håp for framtida?  Eit rom der du kan kome som du er, med tru og tvil, glede og frustrasjon?  Ein stad for flotte konsertopplevingar eller eit høve til å gjere ein innsats for andre? Ei kyrkje som stiller opp for deg og andre når det trengst? 

Kyrkja er vårt fellesskap, der vi deler tru og liv i lag. I år er det kyrkjeval, der du kan stemme på det som er viktig for deg gjennom å stemme på folkevalde til kyrkja.

 

Kven kan stemme? 

Medlemmar av Den norske kyrkja har stemmerett i soknet dei bur i frå året dei fyller 15 år. Det er dåpen som gir medlemskap i kyrkja. Du kan sjekke medlemskapen din på kyrkja.no/medlem. 

 

Kva stemmer du på? 

Kyrkjevalet er todelt. Du stemmer lokalt ved å stemme på medlemmar til soknerådet der du bur. Soknerådet si hovudoppgåve er å forme og utvikle soknet. Rådet tek avgjerder om satsingar innan omsorg og diakoni, gudsteneste, kultur, undervisning og aktivitetstilbod for små og store. I Os sokn handlar dette til dømes om våre to kyrkjer Os og Nore Neset, og aktivitetane i Tunet kyrkje- og kultursenter. I tillegg kjem samarbeid med kommune og andre frivillige organisasjonar, leirar og andre arrangement.

Du stemmer regionalt og nasjonalt ved å stemme på medlemmar til bispedømmerådet og Kyrkjemøtet. Bispedømmerådet er det regionale styringsorganet i Den norske kyrkja. Dei arbeider for kyrkja sitt beste i heile bispedømmet. Det er elleve bispedømmeråd i Den norske kyrkja, og Os sokn høyrer til Bjørgvin bispedøme (Fana prosti).

Kyrkjemøtet er Den norske kyrkja sitt øvste representative organ. Det er medlemmane i bispedømmeråda, saman med leiaren av Samisk kyrkjeråd. Når du stemmer på kandidatane til bispedømmerådet, stemmer du difor samstundes på kven som skal utgjere Kyrkjemøtet. 

 

Korleis stemmer du?

I år er det for fyrste gong mogleg å førehandsstemme digitalt. Du kan førehandsstemme når og kvar du vil på nett frå 10. august til og med 6. september 2023 ved å besøke kyrkjevalet.no. Hugs at det er hemmeleg val!

I Os vil det bli mogleg med fysisk førehandsstemming i Tunet kyrkje- og kultursenter på følgjande datoar:

Torsdag 17. august kl. 12-14
Torsdag 24. august kl. 12-14
Torsdag 31. august kl. 15-21
Sundag 3. september kl. 12-14
Onsdag 6. september kl. 12-14

På sjølve valdagen 11. september vil det vere vallokalar opne frå kl. 09-21 på følgjande stader:
Tunet kyrkje- og kultursenter
Søfteland barneskule
Lysekloster barneskule
Lunde skule
Nore Neset aktivitetshus
Os idrettspark

Godt val!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"