I tillegg til fleire valfrie aktivitetar, deriblant brettspel og bordtennis, så brukte vi også delar av kvelden til ein felles konkurranse, der ein skulle montere og pynte peparkakehus. Det var premie til best dekorerte hus. Av andre populære aktivitetar denne kvelden kan vi nemne sukkerspinnmaskina, der alle kunne få anledning til å lage sitt eige sukkerspinn. Mot slutten av kvelden var det andakt i kyrkjerommet, her fekk vi høyre om Guds kjærleik til oss menneske.
Landroklubben er ein klubb for ungdommar frå 8. klasse og oppover, med valfrie aktivitetar, fellesaktivetar, mat og andakt. Ein klubbkveld varer frå kl 18:30-21:00, og det er ca. to klubbkveldar pr månad. Vi er no i den heldige situasjonen at klubben har ei ressursgruppe med mange engasjerte leiarar (ca. 15 totalt), desse har fordelt seg på klubbkveldane og sørga for at det alltid er god leiartettleik på Landroklubben.