Skodespel og skuleopplegg om Kristenretten

I haust har kyrkjelyden i Hjelme og Blomvåg laga eit skodespel og eit skuleopplegg om Kristenretten. Opplegget har blitt halde på Tjeldstø og Toftøy skule. På nyåret skal vi besøkje Rong skule.

Tre menn og to damer er kledd ut i gammeldagse kostymer, de står på rekke og smiler. En mann holder en stor bok.

Kristenretten var dei første lovene vi fekk her i landet og er utgangspunktet for det moderne demokratiet vårt. Det var Olav den heilage og biskop Grimkjell frå England som var arkitektane bak desse lovene og i år er det 1000 år sidan dei vart laga på Moster. Lova er tufta på Bibelen og det kristne menneskesynet. Dette var radikale lover som gjorde noko med maktforholdet mellom rike og fattige.

I skodespelet for skulebarna møter dei tema som at kvinner får medråderett ved ekteskap, at alle skal gravleggjast på same kyrkjegard og slitne treller får ein fridag i veka. Barna var aktivt med under både skodespelet og i timen etterpå.

Kristeretten viser kor viktige og djupe dei kristne røtene er i landet vårt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"