Tilbod til barn og unge

Kyrkja i Øygarden har ansvar for trusopplæringa til born og unge. Det er omlag 900 born og unge i Hjelme og Blomvåg sokn mellom 0-18 år. Vi ønskjer å ha eit godt tilbod for alle barn og ungdommar i kommunen. Vi ønskjer å leia alle døypte inn til eit liv som disiplar av Jesus. Kyrkja driv eit omfattande barne- og ungdomsarbeid i Øygarden i samarbeid med fleire organisasjonar for å nå dette målet. Både på bedehusa og i kyrkja vil du finna tilbod som passar for alle aldrar!

Barn og ungdommar sitt i ein sofagruppe og lagar armbånd

Klikkar du på lenkene under finn du informasjon om dei ulike aktivitetane som kyrkja sjølv driv og aktivitetar der kyrkja direkte eller indirekte samarbeidar med frivillige.

Det er mange som deltek på våre leirar på Skjergardsheimen. Leirane er frå 1. klasse og opp til 10. klasse. Program vert delt ut på skulane, med informasjon om påmelding.

Gjennom året er det også opplegg med Den kulturelle skulesekken, arrangement knytt til påske og barnehage- og skulegudstenester før jul. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"