På småprat er det ingen krav om å stille med verken det eine eller andre. Kom som du er og det er nok for fellesskapet.
Kveldane blir med låge skuldrer. Det blir servert te og kjeks, det blir kanskje ei lita utlodding og nokon enkle kveldstankar som avslutning på samværet.
Velkommen til uformell samling på kyrkjekontoret på Rong, fire tysdagar i semesteret kl. 18.30-20.30. Sjå datoar på skjerikyrkja.no