Ved kyrkjelydshuset vil vi bli delt inn i grupper, og alle grupper får kvar si sone dei skal rydde i. Ta med refleksvest slik at vi er godt synlege. Vi skal rydde på begge sider av vegen. Etter at de har plukka boss blir det hotdog, brus, kaker og kaffi i kyrkjelydshuset. Ryddeaksjonen byrjar kl 17:00 og blir avslutta ved kyrkjelydshuset ca. kl. 21:00. Dei som ynskjer å delta vel sjølv kor lenge dei kan være med.
Meld frå om du vil delta med bossplukking, evt. kjøkkenhjelp eller baking innan 26. april til kontaktperson for ryddeaksjonen: Fredrik Mortensen. E-post: fredrik.a.mortensen@gmail.com Telefon: 934 09 141. Vel møtt!
Ryddeaksjonen er eit samarbeid mellom: Sund sokn, Telavåg grendalag, Allidrett - Glesnes ungdoms- og idrettslag og Telavåg idrettslag.