Rundt 15 personar blei med på den vesle gå-turen til lavvoen, og fire av dei var jamvel elevar på bibelskulen på Bildøy. Dei hadde berre nokre dagar att av skuleåret, men hadde ikkje noko spesielt å ta seg til denne dagen. Saman hadde vi ei koseleg stund i området ved lavvoen. Vi kunne m.a. kosa oss med bollar og lappar som var teke med, og kaffi og saft. Litt quiz vart det òg lagt opp til der ein skulle koma fram til lokale namn i Sund.
Ole Kristian Hamre leia denne vesle turen, og han heldt ein andakt medan vi var der utanfor lavvoen.
Olai Otterå