Trusopplæring i Sund

I Sund sokn blir det drive mykje god og spennande kristen trusopplæring i regi av fleire kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar. Kyrkjelyden vår (Den norske kyrkja) driv trusopplæring for menneske i alle aldrar, men har likevel eit spesielt fokus på barn og unge.I dette arbeidet er vi opptatt av både regelmessig trusopplæring – der barn og unge kan møtest over tid – og einskilde arrangement/opplegg i kyrkjene våre, laga for kvart alderstrinn. Av regelmessig trusopplæring har vi sundagsskule, kor og klubb for barn og unge samt Myldredag for heile familien. For vaksne driv vi Alpha-kurs og føremiddagstreff.Når det gjeld trusopplæring som er retta inn mot ulike alderstrinn, har kyrkjelyden utarbeida ein eigen plan med konkrete tiltak for kvart alderstrinn frå 0 til 18 år.

Trusopplæringsplanen 

Trusopplæringsplanen til Sund kyrkjelyd er godkjent av både Sund sokneråd og biskopen i Bjørgvin og er ein heilskapleg plan for opplæring av barn og unge i alderen 0-18 år til eit kristent trusliv. 

Som visjon for dette arbeidet har vi vald «Rusta til ferda» – etter 1. Kor. 16,6, der Paulus bed kyrkjelyden i Korint om å utrusta han til den vidare ferda hans «kvar ho så går». 

Planen har som utgangspunkt befolkninga i Sund og gjev i byrjinga ei kort skildring av særpreg for samfunnet her, samt ei reiegjering om korleis vi har vald å organisere trusopplærings-arbeidet vårt. Vidare er det ein del dimensjonar vi ynskjer skal vere med i planlegginga av alle arrangement og gjennomsyre arbeidet, slik som gudstenestefeiring, inkludering og tilrettelegging, misjon, diakoni og miljøvern. Hovuddelen av trusopplæringsplanen består av detaljerte planar for tiltak og arrangement til kvart alderstrinn frå 0-18 år. 

Det er svært viktig for oss at dei unge får erfare eit nært og trygt fellesskap når dei er med på trusopplæring og at dei ulike arrangementa og tiltaka finn stad i ramma av positive og spennande aktivitetar som t.d. leir, overnatting, friluftsliv, leik, måltidsfellesskap og ulike formar for kunst og handtverk. 

Når det gjeld sjølve opplæringa – undervisninga – tek vi på alle trinn utgangspunkt i forteljingar og andre tekstar frå Bibelen. Vi ser arbeidet med å gje vidare den kristne trua og kyrkja sine tradisjonar som eit kall frå Herren sjølv, med mål om at dei unge skal bli kjent med Den treeinige Gud og koma til tru på Jesus Kristus. For å formidla dette på ein god og nær måte er det viktig for oss å hjelpe dei unge til livstolking og livsmeistring når vi lærar dei, og at dei sjølve får godt høve til å praktisere trua og utfalde seg i kyrkjelyden sitt gudstenesteliv. 

Trusopplæringa er open for alle som vil vere med!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"