Sokneprest Eli Vatn presenterer ansatte i kyrkja

KJENDE FJES BLIR SOM NYE.. Du har gjerne sett oss; ved ein dåp, ei gravferd eller ei julegudsteneste, på Tingvang eller butikken; Dette er oss som arbeider i kyrkja i Øystre Slidre. Gode hjelpsame hender i bygda vår og når du treng kyrkja!

Julevandring for Rogne barnehage med personal og nokre frå staben.

Det er ei glede for oss at Ellen Oddveig Rudi no vil gjere teneste som prestevikar dette året saman med sokneprest Eli Vatn. Ho har av praktiske grunnar bytta tenestestad med prost Carl Philip Weisser som til no har teneste gjort saman med soknepresten. De vil mellom anna møte henne på gudstenester, andakter på Helsetunet, gravferder og trusopplæringstiltak. 

Vi er også så glade for å sjå det kjære fjeset til Marianne Straum som fast trusoplæringsmedarbeidar her i Øystre Slidre. Du vil kunne finne henne med 8 åringar på skattejakt i kyrkja, på babysong, med filmkveldar for ungdomar og mykje anna.

Nokre er særs trufaste, og kyrkja og vi alle har glede av å ha dei lenge. Jon Gunnar Solhaug kyrkjetenar har 40 års jubileum i år har eg rekna meg ut til. I 1982 fekk han fyste løna si som hjelpegut. Siden har han ringt, grave, tent lys, teke imot sørgande og glade i dei mange høve folk kjem til kyrkje i.

Alltid blid og ofte høgt oppe, kyrkjetenar Svein Erik Rogne enten det er med brøyting eller ringing til gudstenesta i Rogne kyrkje. Og ikkje minst, han opnar døra for oss alle. 

Klokker Anne Britt Skåthun Hansen-Sørum i ein tenksom augneblink, men oftest ser du henne venleg og strålende ynskjande velkomen i døra til Lyskapellet, ved klukkarpulten i Rogne eller Lidar kyrkje eller med ostesmørbrød til konfirmantene. Og det du ikkje ser: i kulissane har ho full kontroll.

 

Svein Hegge smilende og løysingsorientert kyrkjetenar i Volbu og elles å treffe på med et oppdrag i alle tenkelige og utenkelige samanhengar. Her på "bomtur" i Rogne.

Organist Magne Olav Selland høyrer vi ofte meir til enn vi ser. Med vakre, mektige og vare tonar frå orgel, fele og munnharpe rører han ved oss på så mange vis. - og ikkje minst lyfter songen mot himmelen. 

Det står alltid ei kvinne bak! Så og i kyrkja. For oss som ser ho jamnt kan det dokumenteres at der er ei kvinne som er blid, løysingsorientert, med hovedet klart i kaotiske forespørslar om bryllaup, dåp, datoer, referat, takkoffermål, og alt mogleg anna! Sekretær Oddveig Holdal Weeg.

Det står faktisk gjerne også en mann bak! Denne er av den typen som liker at folk har det bra! Ja faktisk er det noe av det beste Ove Ekerbakke vet. Og det er ikke vanskelig å ha det bra rundt denne karen. Godt arbeidsmiljø står i høysetet hos kirkevergen i Øystre Slidre!

Du har gjerne sett Hildur Vingdal før - i så mange positive samanhengar. Ho gje også sitt bidrag i kyrkja der ho som klukkar gjer sitt til at gudstjenestene blir varme og venlege.

 

Nokre finn du like gjerne i skogen som i kyrkja. Nødvendig å ha fleire bein å stå på som tilsett i slike små, men viktige stillingar. Kyrkjetenar i Lidar Harald Melby i ferd med å dra fram tømmer i skogen ved vegen ned til Beito.


Ikkje alle våre gjeve medarbeidarar er like lett å få auga på. Men endelig fekk eg huka Synnøve Målfrid Rødningen som held Hegge kyrkje så skinande rein. Venleg og umerkeleg lett tek ho ansvar og ordnar opp, ei glede å treffe på for den somer så heldig å gjere det.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"