Til deg som er konfirmant 2025

Velkomen til orienteringsmøte for konfirmant og føresette i Rogne kyrkje tysdag 27.august 2024 kl. 19-21

Til deg som er konfirmant 2025

Til deg som skal begynne i 9.  klasse – og føresette

Har du tenkt på konfirmasjon?

Tilsette og sokneråd i Øystre Slidre ønskjer alle nye konfirmantar velkomne til eit nytt konfirmant år.

Orienteringsmøte for konfirmantar og foreldre/føresette Tysdag  27. august 2024 kl. 19:00-21:00 i Rogne kyrkje

Ungdommar som ikkje er døypte, er sjølvsagt velkomne som konfirmantar. Dei kan då døypast i ei gudsteneste for dykk sjølve før konfirmasjonen. Dei som ikkje er døypte i Øystre Slidre må levere kopi av dåpsattest. 

Undervisning og gudstenester. 

Vi plar ha undervisning rett etter skula tysdagar ca. ein gong i månaden. De skal vera med på nokre gudstenester, desse vil vi forsøke å tilpasse slik at det ikkje kjem i konflikt med andre helgeaktivitetar.

Fyste obligatoriske samling er sundag 1. september kl. 10.00- 18.00

Då dreg vi på pilegrimsvandring med startsamling i Volbu kyrkje, vi går vidare derifrå til Sebu og langs Vindeåne til Hegge kyrkje der vi er med på gudstenesta kl. 17.00. Turen er både for konfirmantar og føresette, fadrar og andre som vil vera med.

Eg vil opprette ei facebook gruppe Konfirmanter i Øystre Slidre 24-25 for konfirmantar og foreldre. Er de medlem på facebook vær så snill be om vennskap med meg slik at eg kan leggje dykk til gruppa. mvh Eli Vatn

Konfirmasjonsdatoar våren 2025 er

1. juni 2025 kl. 10:30 Volbu kyrkje 1. juni 2025 kl. 12:30 Rogne kyrkje

8. juni 2025 kl. 10:30 Lidar kyrkje 8. juni 2025 kl. 12:30 Hegge kyrkje
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"