4-årsboka er eit av dei store høgdepunkta i kyrkjelyden i løpet av året. Det blir altså ei opplevingssamling i Indre Sula kyrkje og ei i Langevåg kyrkje. Her blir kyrkjene fylt av forventningsfulle 4-åringar som får utforske kyrkjerommet, høyre om den gode venen og ete kveldsmat ilag.
Søndagen etter samlinga er det gudsteneste der 4-åringane også er i fokus, både gjennom musikk og formidling. I tillegg får 4-åringane Mi kyrkjebok som gåve frå kyrkjelyden.
Årets datoar:
Opplevingssamling Indre Sula kyrkje torsdag 21.oktober kl. 17.30
Gudsteneste Indre Sula kyrkje søndag 24.oktober kl. 11.00
Opplevingssamling Langevåg kyrkje tirsdag 26.oktober kl. 17.30
Gudsteneste Langevåg kyrkje søndag 31.oktober kl. 11.00
Alle som fyller 4 år i 2021 og er medlemmar i Den norske kyrkje får/har fått invitasjon i posten. Dersom de ikkje har fått invitasjon er de likevel hjarteleg velkomen både til samling og gudsteneste. Ein kopi av invitasjonen ligg nedanfor.
For å vite kor mykje kveldsmat vi skal kjøpe inn treng vi påmelding til opplevingssamlinga. De finn påmeldsingsskjema for Indre Sula kyrkje her, og Langevåg kyrkje her.