Indre Sula kyrkje 40 år - Velkomen til jubileumsmarkering!

Vi ønsker gjennom jubileumsmarkeringa å ha eit særleg blikk på barn og unge, og det blir konsert med kora Blessing og BigBless m/gjestar laurdagen, og jubileumsgudsteneste søndagen med påfølgande utvida kyrkjekaffi. Det blir helsingar og elles enkelt program, og vi håpar at alle kjenner seg velkomne til å delta i feiringa i lag med oss!

Foto av Indre Sula kyrkje under nordlys: Oksfoto.no

40-årsjubilanten Indre Sula kyrkje inviterer til jubileumsmarkering

Lørdag 19.oktober kl. 12.00 - 13.15.
Barnekorkonsert med Blessing, BigBless og barnekoret Tusenfryd

Søndag 20.oktober kl.11.00
Jubileumsgudsteneste med nattverd.
Blessing deltek. Utvida kyrkjekaffi med kakebord.
Kåseri v/Olav Rønneberg. Helsingar m.m.

Alle er hjarteleg velkomne til å delta i feiringa!
 
....
 

SalmeSpleis - vil du gi kyrkja ei jubileumsgåve og vere med på spleiselaget?

Du kan gi di gåve her: https://spleis.no/salmespleis

I samband med jubileet er staben i Sula sokn så frimodige at vi ønskjer oss ei jubileumsgåve, og det er eit tilskot til fleire salmebøker i kyrkjene våre. Vi har per i dag berre eit beskjedent antal salmebøker, og ønskjer å kunne supplere desse med rundt 100 bøker.

Foto: Therese Brungot. Kantor Håvard Sveås, sokneprest Anders Barstad og prestevikar/PUU-prest Stine Margrethe Lerheim.

Salmeboka som kom i 2013 er framleis i bruk, og inneheld den store salmeskatten som er ein del av kulturarven vår. Salmetradisjonen står framleis sterkt i Noreg, og den må vi ta vare på. Vi veit at det å synge i lag skapar fellesskap og gir tilhøyrsle, og vi ønskjer å videreføre denne tradisjonen også for komande generasjonar.

Nokre tenkjer kanskje at salmar er utdatert og gamaldags, men salmeinteressa er framleis levande. Det viser m.a. sjåaroppslutninga om Salmeboka minutt for minutt som NRK sendte i 2015. Der song 200 kor seg gjennom heile salmeboka i ein 60 timar lang salmemaraton. Likeeins eit stort antal plater med salmar i ny drakt, som ikkje er noko nytt konsept: Salig Ole Paus gav ut «Salmer på veien hjem» i 1991 saman med Mari Boine og Kari Bremnes. Espen Lind og Ingebjørg Bratland med «Til alle tider» som kom i 2019 kan og nemnast: «Ein god salme har ein andeleg dimensjon som kan treffe deg, sjølv om du ikkje er kristen eller trur på Gud», seier Lind. Dei siste åra har musikaren Levi Bergerud m/band hatt stor suksess med konseptet Salmar på pøbb, som er meir enn berre ein konsert. Folk frå alle generasjonar og med ulik musikksmak møtest i ei uformell atmosfære og syng salmar frå ein miks av kjent og kjært, nytt og friskt. Vi håpar å kunne få til nokre slike arrangement også på Sula etter kvart.

(Foto: Bo Mathisen)

  «De fleste av oss har eller har hatt et forhold til salmer. Det er en del av vår kulturtradisjon. Vi tilhører det vi kan kalle tvilerne, men uavhengig av tro, så handler mange av salmetekstene om nestekjærlighet, om det å være et medmenneske, om å tro på det gode i verden – om håp og om tvil. Dette er noe vi kan relatere oss til. Flere av salmene er eldgamle, likevel er de tidløse. Mennesket er da som nå uforandret, og det vitner disse salmene om», sitat Lind/Bratland.  

(Foto: Jonathan Vivaas Kise)

Kunst- og musikkfaga i skulen har dessverre blitt kraftig nedprioritert dei siste åra, trass i at vi omgjev oss med musikk alle stader; i bilen, på trening, på radio og TV, under lekselesing og til og med inn i søvnen. Salmane representerer likevel noko anna, og i kristen samanheng er vi ein del av ein mangetusenårig tradisjon gjennom salmesongen: Vi syng til og for Gud, og til og for kvarandre. Salmane i Bibelen uttrykkjer både glede, sorg og klage, og har inspirert - og inspirerer framleis-salmediktarar til stadig nyskriving og fornying av salmeskatten.

I salmane kan vi kjenne oss at og finne gjenklang i våre eigne liv, og finne trøyst i både gode og tunge stunder. Om DU kan tenkje deg å vere med på ei jubileumsgåve gjennom eit slikt spleiselag, er vi veldig takksame.  

Tekst: Stine Margrethe Lerheim

...

Kyrkja ho er eit gamalt hus,

stend om enn tårna mun falla.

Tårn etter tårn dei sokk i grus,

endå kan klokkene kalla,

kalla på gamal og på ung,

mest då på sjela trøytt og tung,

sjuk for den evige kvila.

 

T: Grundtvig O:Anders Hovden

M: Lindemann

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"