Støtt Sula sokn si bøsse for reint vatn!
I dag lever 785 millionar menneske i verda utan tilgang til reint vatn. Aldri før har reint vatn og såpe vore så viktig som under pandemien. Hjelp Kirkens Nødhjelp å bygge fleire brønnar og redde fleire liv. For 250 kr kan du gi eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet.
Bli med! Forandre. For andre.
Fasteaksjonen er den andre største innsamlingsaksjonen i Noreg, og har vore arrangert i over 50 år. Tidligare år har det vore flotte konfirmanter saman med andre frivillige i kyrkjelyden som har stått for bøssebæringa. Dei bankar på i nærmiljøet og saman gir vi reint vatn til menneske som ikkje har tilgang til det. I fjor blei innsamlinga heildigital og dessverre gjer pandemien det vanskeleg å gå frå dør til dør også i år. Vi set svært stor pris på om du støttar vår digitale bøsse. Reint vatn er viktigare enn nokon gong.
I fjor samla vi i Sula kyrkjelyd inn ca 74 000kr, og vi håper at vi kan klare like mykje dette året! Hjelp oss å dele denne digitale bøssa på facebook,instagram, messenger og andre sosiale medier, slik at vi når ut til flest mogeleg på Sula.
Tusen takk for di livsviktige støtte.
Støtt spleisen her!