Dette på bakgrunn av smittevernstiltaka som gjeld no, og fordi vi ikkje veit kva reglar som gjeld for antall personar samla i lag, eller for reise i eller til og frå Norge dei neste vekene. Denne beslutninga blir ikkje endra, så de kan trygt avbestille selskapslokaler de har bestilt no i mai.
Vi håper at situasjonen utviklar seg raskt i positiv retning, slik at vi kan gje dykk sikre datoar for hausten så fort som råd. Vi vil forsøke å koordinere konfirmasjonane med dei andre kyrkjelydane i området, slik at det ikkje blir stort trykk på få helger.
Vi skal kunngjere datoane samtidig som våre nærliggande kyrkjelydar, slik at det blir mest mulig likt for alle å skaffe seg lokaler og liknande. Dette blir tidligast annonsert etter påske. De vil få beskjed om kunngjeringsdato på førehand.
Vi skal kunngjere datoane samtidig som våre nærliggande kyrkjelydar, slik at det blir mest mulig likt for alle å skaffe seg lokaler og liknande. Dette blir tidligast annonsert etter påske. De vil få beskjed om kunngjeringsdato på førehand.
Vi er lei oss for at vi har kome i denne situasjonen. Vi veit at mange har planlagt og gleda seg til konfirmasjonsdagen. Men vi lovar at når dagen kjem så skal vi lage fest i kyrkja for dykk alle.
Ta kontakt om de lurer på noko, eller om de berre vil snakke litt. Prestane, diakon Ingvild og eg er tilgjengelig for samtale. Ta kontakt med kyrkjekontoret eller oss direkte. Info finn de på nettsida vår.
Det vil etter kvart i dagane framover bli lagt ut små drypp til oppmuntring på Facebooksida vår.
Vi forsøker også å få sendt nokre gudstenester via streaming. Følg gjerne med oss!
Helsing Barbro
på vegne av Sula kyrkjelyd
på vegne av Sula kyrkjelyd