Misjonsprosjektet i Estland

Her vil du få eit lite innblikk i kva misjonsprosjektet til NMS i Estland innebær. Vi er stolt samarbeidspartnar og ynskjer å lyfte fram misjonsprosjektet vårt i Estland - det er så fint å få være saman og å nå ut til fleire for å få støtte til dette viktige arbeidet. Saman kan vi gjere ein skilnad.

Misjonsprosjektet i Estland

Ein liten presentasjon av vår samarbeidspartnar NMS sitt engasjement i Estland - som også er vårt Misjonsprosjekt her i Sula sokn.

Dette er vi med på:
- Bygging av kyrkjelyd  og kyrkje i Saku og Mustamäe med alt det innebær: 
  Søndagsskule, babysong, fotballgruppe, gospelkor, konfirmantarbeid, bibelgrupper,               gjenbruksbutikk, kyrkjelydsblad, gudstenester, familiearrangement  
- Mediearbeid av og for ungdom
   Magasin, radiosendingar, film og innhald til sosiale medium 



Estland
1,32 millionar innbygjarar. Av desse er 9,9% protestantar og 16.2% ortodokse. Estland er "rikast" av dei baltiske statane, men har stor arbeidsløyse. Mange innbyggarar er framleis fattige.

Fram til 1940 blei den lutherske kyrkja rekna som den tradisjonelle folkekyrkja i Estland.
Etter 50 år med kommunisme blir landet no rekna som eit av dei minst religiøse i Europa.

Gjennom sovjettida var trusopplæring og alt arbeid blant barn og unge under 18 år strengt forbode.
Den estisk evangelisk-lutherske kyrkja (EELK) ønskte derfor hjelp frå NMS til å få igong barne- og ungdomsarbeid igjen.



I 2010 blei det etablert ein kyrkjelyd i Mustamäe, ein bydel i Tallinn. Frå 2019 har kyrkjelyden sine aktivitetar gått føre seg her, i det som skal bli eit nytt, flott kyrkjebygg i bydelen.
Året 2011 starta NMS og EELK eit kyrkjelydsplanteprosjekt i Saku, utanfor Tallin. No blir det også bygd kyrkje her - den første med solcellepanel på taket i denne delen av Europa.



Fotballgruppa i kyrkjelyden i Saku er populær. I tillegg har kyrkjelydane søndagsskule, babysong, familiedagar, ungdomsgrupper med meir. Kyrkjelyden i Mustamäe driv gjenbruksbutikk og har eige kyrkjelydsblad. Begge kyrkjelydane inkluderer lokalmiljøet i ulike arrangement.



NMS støttar også PlussMedia - eit kristent arbeid av og for ungdom der dei unge sjølv lagar magasin, radiosendingar, film og innhald i sosiale medium.

NMS sin visjon er:

EI LEVANDE KYRKJE OVER HEILE JORDA.

------------------------------------------------------------------------------------------------------

Støtt aksjonen - SAMAN SOM KYRKJE I HEILE VERDA!
Aksjonen varer frå Kristi Himmelfartsdag til Sankt Hans. Seks veker med fokus på internasjonalt engasjement i kyrkjelyden og vårt misjonsprosjekt i Estland.

Støtt via Spleis innsamlinga vår eller via Vipps: 690399 (Misjonsprosjektet i Estland).

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"