Årets 3.klassingar fekk ikkje oppleve TårnagentHelg som vi skulle hatt no rett etter påske. Som eit lite plaster på såret spelar vi no inn TårnAgentTV - ein serie på 4 eller 5 episodar der vi utforskar kyrkja, slik Tårnagentane skulle ha gjort.
Episodane blir lasta opp på YouTube-kanalen vår, og blir også publisert her på FaceBook. Og sjølv om Tårnagenthelg er for 3.klassingar, går det fint an å sjå for både yngre og eldre barn, og kanskje også ein og anna vaksen. Sjå teaseren for å sjå ein liten smakebit...
Første episode handlar om tårnet.
Kor mange trapper er det opp? Kor høgt er tårnet? Og kvifor har vi eigentleg tårn?
I andre episode skal vi utforske våpenhuset.
Kvifor heiter det egentleg det? Og kva slags våpen er det snakk om?
Tredje episode kjem fredag 22. mai. Snurr film :)