Stell omhandlar:
- Vårbeplanting, blir planta ut slutt av april/start på mai.
- Sommarblomster, blir planta ut i midt av juni/overgang til juli.
- Haustlyng, blir planta ut medio september.
I tillegg ligg det i avtalen: vatning, påfylling av jord og gjødsling etter behov.
For 2024/2025 er prisen på gravstell per år:
Lite Plantefelt (1-2 planter) |
Standard plantefelt (3-4 plantar) |
Stort plantefelt (5-6 plantar) |
|
Vår | 567,- | 700,- | 867,- |
Sommar | 567,- | 700,- | 867,- |
Haust | 566,- | 700,- | 866,- |
Totalt per år, inkl. mva | 1700,- | 2100,- | 2600,- |
Prisen for gravstellet vert justert annakvart år etter nasjonal konsumprisindeks, og fastsett av Sula kommunestyre etter framlegg av lokal gravplassmyndigheit (Sula sokn).
Årleg rekning
Rekning vert sendt ut i februar, og stellet pågår til det vert sagt opp. Vi sender ikkje ut purring, og ubetalte rekningar vert sett på som oppseiing av stellet. Stell for gjeldande år vert då ikkje gjennomført.
Det er ikkje mogleg å bestille stell av grav for inneværande år etter 28. februar.
Bestilling av gravstell
Ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70199600 eller e-post: post@kyrkja.sula.no
Angi kva for ei grav det skal utførast stell på. Du kan søke her på namnet til den gravlagde for å finne gravidenten. Gravidenten i høgre kolonne inneheld gravplassnummer, felt, rad og gravnummer - f. eks. 10.A.11.008
----
Vedlikehald av gravminne
Gravminnet er festar sin eigedom, og festar sjølv må vedlikehalde denne. Gravminner som er veldig skeive eller på ein anna måte kan vere til fare for andre blir meldt frå til festar. Det blir ikkje utført vedlikahald av gravminne/støtte av kyrkjegardsarbeidar.
For meir informasjon angåande oppretting/vedlikehald av gravminne, ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70199600 eller e-post: post@kyrkja.sula.no