25 musikarar frå Ukraina skal på Norgesturne i 14 byar i april, der de m.a. skal besøke Førde, Bergen og Haugesund. Turneen samlar inn pengar til Mobile Naudhjelpsklinikkar som er bygde på tilhengarar som lett kan flyttast dit dei trengs mest. Ein av disse tilhengarane har rapportert om 7.000 behandlingar i løpet av 3 mnd., så behovet er stort.
Det er allereie samla inn 4,5 mill. til dei rullande sjukehusa som blir sende fram til fronten i krigsområda i Ukraina, byar vi høyrer om og ser på nyheitene kvar dag. Dei ukrainske musikarane som er med på å finansiere desse naudhjelpsklinikkane, kjem til Førde kyrkje 12. april kl. 18:00.
Instrumentet bandura er eit spesielt heilagt instrument for ukrainarane, og det blir brukt i motstandskampen no.
Alle billettinntekta går uavkorta til å produsere Mobile Naudhjelpsklinikkar!