Tverrkyrkjeleg bønekveld for fred
Torsdag 28.april klokka 19.00 vert det ein bønekveld for fred i Førde kyrkje. Med utgangspunkt i krigen i Ukraina og dei mange som er på flukt inviterer vi til ein bønekveld for fred. I bøna vil vi og lyfte fram dei mange andre landa og konfliktane rundt om i verda der menneske lir. Alle kristne trussamfunn og organisasjonar i Førde er invitert til å vere med. Etter samlinga vert det ei enkel servering bak i kyrkja. Det er Økumenisk utval i Førde som inviterer.
![Tverrkyrkjeleg bønekveld for fred](/globalassets/fellesrad/sunnfjord/bilder/illustrasjonsbilete/tverkyrkjeleg%20for%20fred.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=7095953)