A) Friluftsliv:
Denne gruppa skal gå pilegrim over fjellet med overnatting under open himmel. Må vere i god form, ha god sekk og gode sko! Konfirmant får låne fjellduk til å ha over sovepose m.m. Maks 14 stk.
B) Leir på Nesholmen:
Leiren er på Nesholmen (svært vakker plass) som ligg i retning Hyen. Føresette må sjølve ordne/samsnakke om skyss til og frå. Leiren er i regi og KFUK/KFUM og varer frå 27. - 29. september og har ungdom frå heile Sunnfjord med. Denne leiren føreset ein eigendel på kr. 500 i tillegg til konfirmantavgift. Maks 10 stk.
C) Musikk:
Om du spelar instrument eller har ei god stemme kan du vere med å berike konfirmantane si samtalegudsteneste som er siste gudsteneste før sjølve konfirmasjon.
D) Barne- og ungdomsarbeid:
Her kan du vere med og vere gruppeleiar for Tårnagentane (3. klassingar) siste helga i Januar, vere medhjelpar på bibelkurs for 5. klassingar, medhjelpar på barnekor, m.m.