Velkomen til kyrkjelydsmiddag
Søndag 15. oktober kl. 11.00 er konfirmantjubilantane frå heile Gaular sokn invitert til gudsteneste. Etterpå er det kyrkjemiddag på Tønna, som er opent for alle. Det vert raspeballar på menyen, med noko søtt attåt kaffien. Vi håpar at så mange som mogleg har lyst til å komme! Pris: 250 kr for vaksne og 150 kr for born. Frist for påmelding er fredag 13. oktober. Påmelding til kyrkjelydsmiddagen gjer ein ved å sende e-post eller melding til: Ragnhild Stav: 909 67 627 eller: ragnhild.stav@sunnfjordkyrkja.no. Vel møtt!