Tysdagskafeen er driven av Gaular frivilligsentral, men vi har ein avtale om at to gongar i semesteret kjem diakonen på besøk til kafeen.
Tysdagskafeen i Bygstad
To tysdagar i halvåret kjem diakonen på besøk til tysdagskafeen på Tønna i Bygstad. Då er det lagt opp til song, andakt og historieopplesing. Av og til har nokon frå kyrkje- og diakoniutvalet i Bygstad laga noko godt til kaffien.