Viksdalen føremiddagstreff
Føremiddagstreffet i Viksdalen har halde på i mange år og er framleis populært. Innhaldet er inspirert av søndagsskuleopplegget Sprell Levande, og varer omlag ein halvtime. Etter det et vi lunsj saman og får servert kakao av nokre frivillige. Når lunsjen er oppeten vert det hobbystund der vi enten lagar noko eller spelar og teiknar.