Tårnagentar i Sande kyrkje
Siste helg i januar inviterer vi 8/9- åringane i Gaular til å vere tårnagentar. Det er populært og skikkeleg kjekt! Agentane skal utforske kyrkja, tårnet og klokkene. Dei skal løyse kodar og mysterium og bruke Bibelen. Frammøte blir i Sande kyrkje laurdag klokka 11.00 – men føresette må snu i våpenhuset og får ikkje komme inn før dagen etter. Agentane møter klokka 10.30 på søndagen. Gudstenesta byrjar klokka 11.00 – og då kan alle få komme og sjå kva agentane har funne ut. Familie, fadrar og vener. Alle agentar bur heime, men får agentmat på laurdag når dei er hos oss. Det kostar ikkje noko å vere med.