Kirkerottene er eit omreisande barneteater med mykje song og musikk. I teateret møter vi dei to rottene Vesle og Fredo har flytta inn i kyrkja og blitt kirkerotter. Ein dag vert Kirkerottene vekt av bråk frå tårnet i kyrkja. Det er Viggo svale som lagar bråket. Han ser så dårleg at han flyg inn i ting heile tida. Kirkerottene vil gjerne hjelpe Viggo, men korleis kan dei hjelpe? Og er Viggo eigentleg ein svale?
Forteljinga passar for aller best for barn mellom 3 og 6 år, men alle er hjarteleg velkomne.
Kirkerottene - teater for barn
Kyrkja i Jølster ynskjer alle barn (med vaksne) velkommen til barneteater med Kirkerottene: Laurdag 25. mars kl.13.00 på Vassenden kyrkjesenter. Det passar for barn 3 og oppover (må ha med seg vaksen) og har vore veldig populært andre stader i Sunnfjord. Forestillinga er gratis for barn og 100 kr for vaksen.
![Kirkerottene og Viggo i tårnet](/globalassets/fellesrad/sunnfjord/bilder/trusopplaeringsbilete/kirkerottene%20viggo%20i%20taarnet.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=7211812)