Sunnfjord kyrkjelege fellesråd ligg i Sunnfjord prosti og svarar geografisk til Sunnfjord kommune. I fellesrådet er det eit samla folketal på rundt 22.000. Vi har seks sokn og ti kyrkjer. Hovudkontoret er i Førde, med lokale kyrkjekontor i Naustdal, på Vassenden og på Sande. Den totale staben består av rundt førti fellesrådstilsette og sju prestar, inkludert prost. Prosten leier prestetenesta i prostiet. Det er regelmessige fagsamlinger i prostiet.
No ynskjer vi å gjere ein ekstra innsats inn mot unge og unge vaksne i vårt område!
Spesialpresten vil få ansvar for satsninga retta mot unge og unge vaksne i samarbeid med sokneråd, sokneprest, kateket, diakon, frivillige og dei kristne organisasjonane i områrdet. Kontorstad er i Naustdal. Spesialpresten vil konsentrere innsatsen inn mot arbeid på Jølster, i Naustdal og Førde kyrkjer.
I skuleåret 2022-2023 er det om lag 200 konfirmantar i dei aktuelle sokna Vi ønskjer å etablere tilbod til konfirmantar og andre unge som til dømes ungdomsklubb og smågrupper. Diakonene vil kunne vere ein ressurs for slike grupper.
Opplysningar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane ber om å bli unnatekne offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest), jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- Rekruttere og følgje opp unge som vil delta som leiarar på leirer og konfirmantfestival
- Reise på landsdekkende leirer i lag med ungdommer
- Saman med andre tilsette etablere eit tilbod for unge (15-18 år) i Førde
- Etablere eit gudstenestetilbod for unge vaksne og ungdom
- Vere delaktig i konfirmantundervisninga
- Øvrige presteoppgåver som vigsel, gravferd og gudstenester
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
- Engasjement og motivasjon for å arbeide med ungdom og unge vaksne
- God formidlingsevne i møte med barn og unge
- Evne og vilje til samarbeid
I tillegg blir det vektlagd
- Erfaring frå samarbeid med frivillige
- Erfaring frå arbeid med sårbare barn og unge
Vi tilbyr
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Løn etter stillingskode 1537 prostiprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
- Reiseutgiftar godtgjort etter gjeldande regulativ
- Arbeidsvegleiing (ABV)