Gravferd:
Det er gratis gravferd for personar som soknar til Vanylven. Også bruk av kyrkja og kyrkjeleg betjening er gratis, sjølv i tilfelle der avdøde ikkje var medlem av Den norske kyrkja.
Fellesrådet har slike reglar for gravferd/urnenedsetting for personar som ikkje har bopæl i kommunen (personar som mellombels oppheld seg og har adresse andre stadar, er ikkje i denne samanheng å rekne som utan bopæl i kommunen):
Det kan etter forespørsel til fellesrådet verte gitt høve til gravferd og gravstad i Vanylven for personar som ikke er busett i kommunen.
Kostnadane i samband med gravferd/urnenedsetting vert å dekke etter slike reglar:
Gravferd i kyrkje/bedehus, kistegrav: kr 2.000.-
Urnenedsetting u/sermoni i kyrkja: kr 500.-
For slike graver vert det også i fredningstida krevd avgift som for feste av grav (p.t kr 375,- for 5 år).
Desse satsane gjeld for gravferd når avdøde ved dødsfallet var folkeregisterført i annan kommune enn Vanylven.