Døden kan vere vanskeleg å gripe. Å miste er tungt å ta inn over seg. Gravferda gjer døden og avskilet meir konkret. Å samlast om kista til takk og avskil er ein stoppestad på vegen gjennom sorga. Mange kjenner seg hjulpne av dei kjende rammene gravferdsgudstenesta gjev. Gravferda er dei næraste sitt avskil med den døde.
Ei kyrkjeleg gravferd er samstundes ei offentleg handling. Det er ein fellesskap som markerer at eit liv er slutt. Ved avskilet syner vi respekt for den døde, for livet som har vore og for livet som skal levast. I gravferda får vi takke og minnast. Her er rom for gråt og klage. Vi kan òg få løfte fram for Gud det som ikkje vart slik det skulle mellom oss. Gravferdsgudstenesta er ei bøn om forsoning, framtid og håp. Når presten får vite om at familien ønskjer kyrkjeleg gravferd, tek han kontakt for avtale om ein samtale. Det er prest og organist som har det formelle ansvaret for seremonien. Planlegging av gravferdsseremonien er ofte eit samarbeid mellom pårørande, gravferdsbyrå, prest og organist.