Tilhøva på gravstadane er regulert av sentrale og lokale reglar. Sentralt er det Gravferdslova av 1996, og forskriftene til gravferdslova, og lokalt er det vedtekter godkjent av bispedømerådet. Desse vedtektene er reviderte i 1998 og tilpassa nytt lovverk. Dei er sjølvsagt tilgjengelege på kontoret, saman med lov og forskrift. Vi tek her med dei opplysningane som er mest nødvendig å kjenne til.

Andre reglar.

I Vanylven er fredningstida for kistegraver og urnegraver 20 år.

Festeavgifta er p.t.kr 400 for festeperiode på 5 år (kr 80/år)

Når det er gått 70 år etter siste gravlegging i ein gravstad, kan ikkje festet fornyast utan særskilt samtykke frå kyrkjeleg fellesråd.

 

Kyrkjeverja har på delegert mynde frå fellesrådet ansvar for den daglege drift og forvaltning av kyrkjegardane i henhold til sentralt og lokalt regelverk, og er den instans som skal kontaktast i spørsmål som angår graver og gravstadar.

Frå 2009 er det kommunen som gjennom avtale har ansvaret for den praktiske kyrkjegardsdrifta i samband med gravlegging og slått/vedlikehald

Festaren disponerar gravstaden og kan bestemme kven som skal gravleggast der.

På den vestlegaste delen av St.Jetmund kyrkjegard (rekkje 14-42), er bruksretten for gjenbruk avgrensa til urnegravlegging.

 

I god tid før festet går ut skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya etter 6 månader, fell gravstaden attende til kyrkjegarden.

Festar pliktar å melde frå om adresse-endring og evt. overdraging av feste til andre.

 

 

Lurer du på noko?

-Spørsmål kan rettast til

  • kyrkjeverja på kyrkjekontoret
  • kontortelefon 90167346
  • E-post:  rb238@kyrkja.no

 

 

Venleg helsing

Kyrkjeverje Rønnaug Bjørlykke

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vanylven kyrkjelege fellesråd

Vanylven kyrkjekontor

Besøksadresse:

Djuvika 32

6143  FISKÅ

Postadresse:

Rådhusvegen 1

6143 Fiskå

Kontortid :

Måndag - fredag

kl. 09.00 - 15.00

Besøkstid: tirsdag-torsdag (9-15)

Tlf kontor 90167346

Kyrkjeverge Rønnaug Bjørlykke 

rb238@kyrkja.no

Sekretør Yngve Lillebø 

YL953@kyrkja.no

Organist Robert Clark 

RC837@kyrkja.no

Sokneprest Anton Heggvik

AH955@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"