Praktiske førbuingar

Praktiske førbuingar

Når kan ein bli døypt?

Dåp i Vestre Slidre sine kyrkje er ope for alle, uansett alder. Ettersom vi er ein del av Den norske kyrkje og er del av den Lutherske tradisjonen døyper vi oftast borna kort tid etter dei er fødd. Dette blir gjort i ein gudsteneste.
Viss ein ikkje er døypt og ønskjer å bli døypt som ungdom eller vaksen er ein hjarteleg velkommen til det. Vi døyper ungdommar, konfirmantar og vaksne. Dåp av ungdommar og vaksne kan gjerast i dei ordinære gudstenestene, men det kan og gjerast i anna form utanfor gudstenesta.

Er ein medlem av eit trussamfunn innan ei anna religion, og ønskjer å konvertere og bli døypt i den kristne kyrkje så er det og høve for det hos oss. Ta da kontakt med kyrkjekontoret for å avtale samtale og organisering av dåp.

Dåp = medlemskap i Den norske kyrkje.

Ved dåpen blir barnet medlem av den norske kyrkje. Å være medlem av den norske kyrkje betyr at ein resten av livet har rett til kyrkjelege handlingar vederlagsfritt der han/ho har bustadsadresse.

Etter at det er avtalt dåp i kyrkja tek presten eller ein annan tilsett i kyrkjelyden kontakt for å avtale dåpssamtale. Her går ein gjennom kva dåp er og praktisk informasjon knytta til gudstjenesta og dåpshandlinga. Presten vil óg fortelje litt om trusopplæringa som er eit tilbod til alle døypte.

Nokre praktiske opplysningar kring dåpshandlinga.

I dåpsliturgien er det tre avsnitt med tekst. Dette er tekster nokon frå dåpsfylgje eller familien gjerne må lese i gudstenesta. For utanom lesing av tekst kan familien gjerne bidra med song eller musikk, og sysken eller andre kan gjere mindre oppgåver som å ta av dåpshua, tørke barnets hovud eller bere dåpslyset. På denne måten kan dåpshandlinga bli nærare og meir personleg.

Dåpsbarnet må ha minst to fadrar som må være tilstades som vitne under dåpen. Fadrane må ha fylt 15 år og være medlem av Den norske kyrkje eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåpen.

Det er lurt å starte planlegginga av det praktiske i god tid slik at alle får like stor glede av dåpsdagen. Kanskje det er mogleg å be familie eller vener om hjelp til servering og rydding? Bli samde om val av dåpskjole, kven som skal bere og kven som eventuelt skal ta av dåpslua.

Er det noko du ynskjer å spørje presten om? Tenk igjennom dette før dåpssamtalen. Døme: Ynskjer dykk ein spesiell salme, eller vil noen i familien lese dåpstekstar frå Bibelen? Kva regler gjeld i kyrkja for filming og fotografering?

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"