1.sundag i advent i Vestre Slidre

Den første søndagen i advent blei behørig markert i Vestre Slidre 27.november.

1.sundag i advent i Vestre Slidre

Markeringa byrja i prestgarden i Slidre kl.15.00. Konfirmantane var gode hjølpare; dei serverte gløgg, pepperkarer og marshmallows og hjalp til der det var behov.

Edith heldt lesestund i stabburet og vi fekk høyre om teskjekjerringa som skulle feire jul. Kjærleiksbenken var på plass, og i kjærleikstreet kunne ein henge opp hjarte med ord som fortalde kva kjærleik kunne bety for deg. Trygve hadde hengt opp ein quiz, og inne kunne ein lage flotte papirenglar – av papir frå utgåtte salmebøkar! Inne var det gøtt og varmt, og det var ekstra fint for den som trengte å tørke sokkar og varme føtane sine framfor peisen...

Kjelleren var nydeleg lyst opp med lykter, og innst sto ei vakker julekrybbe - alt vakkert innramma av nedtona julemusikk.

Skulekorpset spelte og Alexander Juul de Sarrazin song for uss ute, etterfulgd av ordføraren som heldt ein appell før han tende julegrana – etter at forsamlinga talde ned frå 10-1.

Til tross for regn og ruskevêr var det svært god stemning i prestgarden, og siste vekes snøfall var med å lage ein fin ramme rundt arrangementet. Edith Helle var primus motor for arrangementet. Tusen takk for ditt engasjement, pågangsmot og for dine mange gode og kreative idèar, Edith! Takk til Trygve som opna prestgarden for uss andre! Takk til alle hjølparar – særskild takk til dei flotte konfirmantane våre!

Kl.17.00 overtok Slidre grendelag «stafettpinnen». Dei delte ut faklar og leia fakkeltog opp til sjukeheimen, der vi song ute for sjukeheimsbeboarane. Deretter gjekk toget ned til kulturhuset. Trygve leia uss i song, og juletreet utanfor kulturhuset blei tend. SÅ kom nissen – endeleg! I kulturkafèen selde konfirmantar pølser, kake og kaffe.

Nokre drog vidare til Slidredomen og den tradisjonelle adventskonserten til Røn musikklag, Vestre Slidre sanglag og Sør-Aurdalkoret, nokon blei sitjande i kafèen, og nokon drog heim – til vidare adventsstemning heime.

Den fine tradisjonen frå tidlegare år og godt samarbeid mellom kyrkja og grendelaget fekk vi til også til i år! La oss halde fram med det!

 

Vi ønsker dykk ei fin og fredfull adventstid vidare.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"