Tare Teksum besøkte Lomen stavkyrkje!

De hugsar kanskje Tare Teksum som deltok i reality-serien «Ingen grenser» på NRK TV med Lars Monsen i 2010?

Tare Teksum besøkte Lomen stavkyrkje!

I serien tok Monsen med seg ei gruppe mennesker med funksjonsnedsette evner over Nordkalotten. Opplevelsen endret livet til Tare, i positiv forstand. I samarbeid med gode støttespelarar har han i ettertid tatt mang ein utfordring – og han elskar no ekstreme utfordringar.

I vår har Tare eit prosjekt som handlar om å sykle til alle dei 28 stavkyrkjene i Norge. Idèen og inspirasjonen til prosjektet kjem frå Lars Mytting si bok ”Søsterklokkene”, der ei stavkyrkje i bygda spelar ei sentral rolle. Geografisk er stavkyrkjene spredt frå Trondheim (Sverresborg) i nord, til Oslo (Bygdøy) og Telemark i sør.

Prosjektet til Tare handlar denne gongen mindre om mestring av store fysiske og mentale utfordringar, tross handicap, men meir om stavkyrkjene som viktig historisk, kulturelt og religiøst fenomen opp gjennom århundrene. Både hedensk, norrøn og kristen tro og kultur viser seg i stavkyrkjene, for eksempel i utsmykningar og interiørdetaljar elles.

Miljøaspektet vil han også bidra til å belyse med dette stavkyrkjeprosjektet. Han sykler eltandem-sykkel!

For Tare er det alltid viktig å inspirere og oppmuntre andre funksjonshemmede og andre til å utnytte og bruke dei ressursane og evnene ein har. Mange med nedsette funksjonsevnar har lett for å fokusere på sine begrensningar. Då kan kvardagane lett bli lange og triste.

Turen til Tare starta heimefrå, i Oppdal, den 5.mai og blir avslutta i Trondheim 5.juni.

Den 15.mai var turen kome til Lomen stavkyrkje. Gullik Stee i Lomen sokneråd møtte Tare og følget hans ved stavkyrkja, og hadde omvising for dei, før dei måtte haste vidare til neste mål; Høre stavkyrkje i Vang.

Takk til Tare som tok turen til oss!  Takk for den inspirasjonen du gjer til oss rundt deg - du er rett og slett forbilledleg - og vi har så mykje å lære av deg! Vi ønskar deg god tur vidare og lukke til med neste prosjekt – kva no det blir?!

Alle bilete frå stavkyrkja er tatt av Hanne Løvrød Granheim. Portrettbilete/bokomslagbilete av Tare er henta frå heimesida hans: tareteksum.no

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"