Tida mellom jul og faste blir kalla openberringstida. Kristi openberringsdag, fyrste sundagen etter nyttår, - markerar avslutninga av juletida. Openberringstida i kyrkjeåret er knytta til tekster som syner ulike sider ved Jesus. I vår kyrkje er det blitt vanleg å knytte denne tida spesielt til temaet misjon.
Tematikken «misjon» kan vere utfordrande i seg sjølv, og det kan vere vanskeleg å løfta den fram i gudstenesta. Difor lagar Samarbeid menighet og misjon (SMM) ei verktøykasse med byggeklossar for gudstenestearbeidet i openberringstida, saman med preikeressursar frå Luthersk kirketidende for fleire av sundagane i openberringstida.
Ressursane er laga for å kunne brukast rett inn i dei vanlege gudstenestane (klipp og lim).
- Byggeklossar – Guds misjon i openberringstida
- Kristi openberringsdag (Turid Skorpe Lannem / Oslo bispedømme)
- 2. søndag i openberringstida 2018 (Knut Hallen / Daglig leder SMM)
- 3. søndag i openberringstida 2018 (Liv Hegle / Areopagos)
- Kristi forklarelsesdag 2018 (Nils Tore Andersen)
Bruk openberringstida til å sette fokus på den misjonsavtalen kyrkjelyden har, eller det landet, søsterkyrkja og misjonsprosjektet dere samarbeider med. Det varierar veldig kva folk veit om dette. Ta gjerne kontakt med den SMM-organisasjonen dere samarbeider med. Kan de gjere noko saman?
La misjonstematikken også prege trusopplæringa i openberrringstida. Søk på «misjon» på www.ressursbanken.no, eller søk «trosopplæring» på www.nmsu.no og www.kirken.no/smm
Bruk openberringstida til å snakke om kva misjon tyder for oss i dag og kva rolle kyrkjelyden spelar i misjonen.
Sjå i kap. 6 i heftet «Misjon til forandring», her er stoff ein kan bruke direkte i stab, sokneråd og ulike grupper.