Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

– Kva er det å høyre til ein plass?

– Lenge meinte eg at eg og kyrkja ikkje høyrde til kvarandre. Eg heldt ikkje mål for kyrkja. Kyrkja heldt ikkje mål for meg. No har eg byrja å høyre det som kyrkja seier: Her kan alle høyre til. Møt Sveinung i dagens luke i Adventskalenderen.

– Kva er det å høyre til ein plass? Det var det eg byrja å tenke på, då organisten spurde meg om å skrive om ein salme i kyrkjebladet. Salmen var lett å velge, skriv Sveinung Moesgaard Skjesol på Biri i Oppland.

Kyrkjer
– Eg har fleire kyrkjebygg der eg har kjent at eg har høyrt til.

Julaftan skal eigentleg være i Mære kyrkje. Det var mørkt ute og kaldt, men snart varmt inne i den store, gamle steinkyrkja, og det lukta svidde gummisålar.

I Steinkjer kirke vart eg møtt av ein ungdomsfellesskap som løfta og bar i tenåra. Vi song Bi på Herren kring altarringen etter kvar Ten Sing-øving.

Vi gifte oss i Lilleborg kirke i Oslo for 25 år sidan. Kyrkjelyden er sidan fusjonert med Torshov, og Lilleborg er på lista for nedlegging. Det luggar litt.

Kjæresten min har hatt virket sitt for det meste i tre kyrkjer - Snåsa, Mou i Danmark, Biri. Eg er svært stolt av henne og arbeidet ho står i.

I Biri kirke har eg hatt mange store opplevingar, med fantastiske konsertar. Og ei gravferd for fire år sidan som merkeleg nok ikkje har gjort det vondt å kome attende.

Ungane er døypte i kvar si kyrkje. Ullern, Snåsa, Nykøbing Mors. I alle desse tre har eg kjent på å stå utanfor fellesskapen vi sette borna inn i.

Lenge meinte eg at eg og kyrkja ikkje høyrde til kvarandre. Eg heldt ikkje mål for kyrkja. Kyrkja heldt ikkje mål for meg. No har eg byrja å høyre det som kyrkja seier: Her kan alle høyre til.

Det gjeld eigentleg mest å ikkje gjere det for vanskeleg for meg sjølv. I staden for eit vanskeleg og individretta inngangskrav om rett tru, ser eg ein fellesskap der eg manglar om eg er borte. Ein fellesskap som handlar om det gode mellom oss, men óg om det å kome til kort. Om å miste og sakne.

Å høyre til i kyrkja er ikkje berre fellesskapen med dei som kjenner seg heime i Biri kirke no. Det handlar óg om å stå i ein samanheng i verda, og gjennom tida.

Den finaste
Den finaste melodien i salmeboka, og mellom dei finaste tekstane: Deg å få skode, med ein irsk folketone. Originalteksten er frå 700-talet, eldre enn dei eldste skriftlege kjeldene i vårt eige land. Men først på slutten av 1970-talet kom salmen til Noreg, og har vorte nokså populær i kyrkja vår. 

Teksten er forma som ei bøn til ein Far som lyser, trøyster og verger. I salmen er mennesket lite, men får tru, håp og styrke gjennom noko som er større enn eigen styrke og visdom.

Skal ein kunne være open for noko slikt, må ein våge å være liten, skriv Sveinung Moesgaard Skjesol.

Biri kirke ligger i Biri sokn i Toten prosti, Gjøvik kommune, Oppland fylke - og tilhører Hamar bispedømme.

I vår adventskalender kan du hver dag i adventstiden bli kjent med et nytt menneske som forteller om hva kirken har betydd - og betyr - i deres liv. Klikk på lukene under.