Kyrkjefolk

I 2014 intervjua og fotograferte sokneprest Egon Askvik over 100 kyrkjefolk i Leikanger i Sogn og Fjordane. Resulatetet vart samla i bokform og året etter kom "Kyrkjefolk" ut på Skald forlag. Vi har fått løyve til å publisere smakebitar frå denne flotte boka.

Egon Askvik gjekk diverre bort jula 2016. Vi lyser fred over hans minne.

Intervjuet held fram under:

Nesten 90 prosent av innbyggjarane i Leikanger ved Sognefjorden er medlemer i Den norske kyrkja, men kva er eigentleg deira forhold til denne institusjonen? Det lurte soknepresten Egon Askvik på. I løpet av eitt år intervjua han og fotograferte over 100 av medlemane - med minst eitt frå kvart alderstrinn.

- Kva ville du med "Kyrkjefolk"?

- Eg ville gje stemme til dei sokalla vanlege kyrkjemedlemane. La dei få seia noko om seg sjølv, trua og tilhøvet dei har til kyrkja. Bodskapen er: Alle stemmene trengs. Alle har noko å tilføra fellesskapet. Kyrkja, representert ved prestar og andre tilsette, må lytta meir, fortel Egon Askvik til kyrkja.no.

- Korleis responderte dei som blei spurt om å bli intervjua?

- Det var nok ein del del som sa nei. Dei ville ikkje verta eksponert på denne måten; stå fram med namn og bilde og snakka om så pass personlege ting. Eg er likevel imponert over at alle alderstrinn er representert i boka. Leikanger er ein liten kommune og kulla er ikkje så store. Eg trur dei som takka ja opplevde prossessen og resultatet som veldig positivt.

- Korleis blei boka tatt imot?

- Me har berre fått gode tilbakemeldingar. Frå bygdefolk, men også frå folk i andre deler av landet. Mange kjenner seg att i det som kjem fram i boka. Eg veit om sokneråd som brukar boka på møta. Til kvart møte har eit rådsmedlem med ein historie frå boka som dei deler og seier noko om. Fyrste opplaget er utseld og det vert i desse dagar teke stilling til eit eventuelt nytt opplag.

- Du slepp til ein stor variasjon av stemmer – både dei som er nært tilknytta kyrkja, men også dei som tviler og som ikkje er så ofte i kyrkja. Til og med einskilde som seier at dei ikkje følger med når presten, altså du, taler! Det syntes eg var litt morsomt. Kvifor gjer du det?

- Eg er redd dei representerer mange. Det er mange som fell av lasset når dei tek plass i kyrkjebenken. Me som forkynnarar må skjerpa oss! Eg likar sjølv ærleg kritikk, gjerne med eit glimt i auga. Det kjem frå våre medlemer og difor me kallar det sjølvkritikk. 

Kyrkja.no vil i tida framover jamnleg publisere nokre smakebitar frå boka "Kyrkjefolk" av Egon Askvik. Boka er utgjeven av Skald forlag.